Utvendig hytte 5
Familien vår har seks utleigehytter. Hyttene ligg usjenert til på det vesle gardsbruket vårt i eit område med god utsikt over bygd, fjord og fjell.
Frå hyttene er det gangavstand til m.a. butikkar, serveringsstadar og galleri i sentrum av tettstaden Nordfjordeid. Byggestilen her er frå 1800-talet og skaper eit intimt og koseleg miljø.
Operahuset Nordfjord opna i 2009 og ligg ein 2-3 min. gangavstand frå hyttene våre.
Oversiktsbilde fra hytte 4, 5 og 6
Utvendig hytte 1
Hems i hytte 4, 5 og 6
Kjøkken i hytte 4, 5 og 6
Vaskerom i hytte 4, 5 og 6
Vi kan tilby 6 vinterisolerte, velutstyrte hytter av to ulike størrelsar:
Alle hyttene har eigne bad med golvvarme, toalett og dusj og fullt utstyrt kjøken med steikeomn, kjøleskap og kaffitraktar. Hyttene har TV med 5 kanalar og internett-tilkobling. Der er puter og dyner og sengetrekk kan leigast for kr. 50,- pr.sett.
Hytte 4,5 og 6 har nytt kjøken i 2010 og vaskemaskin på kvar av hyttene.
Alle hyttene har eigne uteområde med utemøblar og tilgang til grillar.
Det er god “tumleplass” ved hyttene og tilgang til naturområde velegna for leik og rekreasjon. Sentral og familievenleg beliggenheit.
Alsaker Hytteutleige har ein 15” plastubåt (4 pers.) med motor til utleige. Pris. Pr time er 30 NOK. Flytevestar låner de hos vertsfolket. Båten ligg ved gjestehamna på Nordfjordeid. Fiske i sjøen er gratis.
I Nordfjord er det mykje å sjå og oppleve. Her er gode mogelegheiter for turgåing og til fiske i sjøen, i elvar og ferskvatn.
Sjå meir informasjon på Reisemål Stryn og Nordfjord.
Fiske
Eidselva har dei seinare åra vore ei av dei beste lakseelvane i Sogn og Fjordane.
Fiskekort kan de kjøpe hos:
Stokkenes Tlf.+47 57 86 02 00, Hjelle +47 57 86 01 62,
G-sport Tlf. +47 57 86 02 40.Golf
Stokkenes Golfpark
Ny 9 hols golfbane teken i bruk 1999.
Hest
Norsk Fjordhestsenter (det nasjonale senteret for avl og bruk av fjordhesten)
Rideleirar, ride- og køyreturar, fjellturar, dagsturar eller turar på to eller tre timar.
Tlf. +47 57 86 48 00
E-post: fjordhest.center@c2i.net
Evas Ridesenter
Senteret har 21 islandshestar og tilbyr ei vekes rideleir, Weekendleir, dagsturar og timeriding i flott vestlandsnatur.Nordfjordeid er også eit sentralt utgangsspunkt for dagsturar til Geiranger (65km), Briksdalsbreen (87 km), Vestkapp (82 km) med klosterøya Selje, og fuglefjellet Runde ( 99 km ).
6770 Nordfjordeid
Tlf + 47 57 86 02 09
Mobil + 47 90 91 86 90
E-post: st@alsakerhytte.no
© Alsaker Hytteutleige 2010